Rob Druppers | |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
Fødd | 29. april 1962 (62 år) Utrecht |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1988 |
Utmerkingar | Årets talent |
Robertus Johannes Druppers (fødd 29. april 1962) er ein nederlandsk tidlegare friidrettsutøvar som i 1983 vann sølvmedaljen på 800 meter ved den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett.
Straks føre europameisterskapen 1982 vann Druppers ein 800 meter i Koblenz på sterke 1.44,70. I meisterskapen i Aten sprang han i mål til femteplass på distansen. Året etter sikra han seg sølvmedaljen under VM i friidrett 1983 i Helsinki, etter ein «kjempespurt hvor han føk forbi tre mann». Sluttida 1.44,20 var nederlandsk rekord. Han vart så kåra til årets idrettsutøvar i Nederland. 25. august 1985 i Köln preserte han livsbeste 1.43,56, ei tid som var nederlandsk rekord til 2006. Året etter kneip han fjerdeplassen då EM i friidrett 1986 vart avvikla i Stuttgart. Vinteren 1987 sigra han på 800 m ved innandørs-EM i Liévin. Under Sommar-OL 1988 i Seoul vart han slått ut i kvartfinalane.